
Valdresgrilling av fersk fisk
Foto: www.herangtunet.no
Valdres har gode beitemarker for reinsdyr, noko ein får att i
kvaliteten på kjøttet. Reinsdyrkjøtt er magert, mørt og har en
balansert viltsmak. Filetane smakar godt lett rista i panne med ein
portvin eller sjokoladesaus til, eller grytekjøtt i rømme og
fløytebaserte viltgryter.
Stølsmjølka er mjølk som kjem fra kyr som går på beite i fjellheimen
i Valdres. Denne mjølka er rikare på smak og inneheld fleire
antioksidanter og sunne feittsyrer på grunn av det varierte beitet.
Valdres har lange tradisjonar med produksjon av kvit- og brun ost.
Ein samlar ostemassa til den kvite osten, for så å koke mysa til ho
vart karamellisert og tjukk. Med litt fløyte og sirup får den brune
osten større fylde, lokalt kalla prim eller brim.
Potet har vore ein særs viktig del av kosthaldet i Valdres og
dyrkinga har lange tradisjonar. Poteten blir også brukt til
videreforedling. Dei viktigaste produkta er lefse og flatbrød laga av
poteter og mjøl.