Egretthegre på valdresbesøk
publiseringsdato: 10.05.2008
To egretthegrer, Ardea alba, i Lomendeltaet! Meir eksotisk enn dette blir det knapt når det gjeld fugleartar på våre kantar.
Valdreskappleiken 2008
publisert 09.05.2008
Kjem dei hit etter finalen? Eldbjørg og Hallgrim. For det var vel her dei starta scenekarrieren? Dei fyrste strøk over strengene og luftige hopp framfor fagdommarar og eit kunnig publikum. (PS. Om dei ikkje skulle ha tid til å koma, går det rykte om at veslebror Andris Hemsing skal delta).
Thom Hell kjem til fjellheimen
publisert 08.05.2008
- og no er dagbillettane endeleg ute for sal!
Frå det blide sørlandet tek Thom Hell turen for å trollbinde Vinjerock-publikummet med ei god dose nydeleg pop-rock. Singer/songwriteren, som eigentleg heiter Thomas Helland, har hausta knallgode kritikkar for sitt siste album ”God if I saw her now”, noko som har resultert i mykje snurring på radio og veldig godt platesal i vinter og vår.
Ingen landskappleik på Fagernes neste år
publisert 08.05.2008
På årsmøtet i Valdres Folkemusikklag i mars vart det uttrykt ynskje frå Landslaget for Spelemenn (LfS) om at laget tok på seg Landskappleiken i 2009. Dagleg leiar Magnar Sundt var til stade på møtet og sa det så sterkt at om ikkje Valdres kunne ta på seg dette storarrangementet, vart det ingen landskappleik i 2009. Tanken var å legge kappleiken til Jørn Hilme-stemnet. Men på styremøte i LfS i går, vart arrangementet tildelt Geilo.
Smaken av Norge – finst den i Valdres?
publisert 07.05.2008
I slutten av april gjekk startskotet for matkonkurransen ”Smaken av Norge”. I løpet av året skal årets matprodukt og årets råvare kårast. Det blir arrangert konkurransar i alle fylka i landet for å finne og synleggjera det beste av norske råvarer og produkt. Den nasjonale finalen er i Stavanger 30. oktober.
Korleis ta vare på stølsbygningane
publisert 04.05.2008
Dette er temaet i ein rettleiar frå Fylkesmannen i Oppland. Målsetjinga er at alle som har gamle stølsbygningar tek vare på desse, og fører vidare det gamle og særprega bygningsmiljøet i fjellet.
Millionbeløp til gamle hus
publisert 02.05.2008
Valdres får rekordtildeling frå Norsk Kulturminnefond i siste søknadsrunde. Av 16 søknader får åtte tildeling denne gongen, med ein samla sum på 1.152.500 kroner. Ein søknad har fått tildeling utanom Verdiskapingsprogrammet.
Stor besøksauke for Valdresmusea
publisert 30.04.2008
2007 var det fyrste heile driftsåret for selskapet Valdresmusea AS. Årsmeldinga som styret nettopp har gjennomgått, syner stor aktivitet og godt besøk. Besøkstalet har auka med heile 12 000 frå 2006. Det tilsvarar ein oppgang på meir enn 50%! Driftsinntekta gjekk opp med 1,3 millionar til 7.8, og årsresultatet syner eit overskot på 60 000 kroner.
Kurs for Valdresvertar
publisert 28.04.2008
Tek me oss godt nok av våre gjester og kundar i Valdres? Truleg har me ein del å gå på. Det er i alle fall tanken bak eit kursopplegg over 16 timar som går ut til alle verksemder og enkeltpersonar som har direkte kundekontakt innan handel, reiseliv, landbruk, kultur og offentleg sektor.
Munnfull UB, Norges beste handverksbedrift
publisert 25.04.2008
GRATULERER! Det vart seier til Munnfull UB i NM på Gardermoen fredag kveld. Frå faglærar Audun Hamre har me fått tilsendt bilde og ei lita melding som me gjev att her.