Rakfisken frå Valdres har gjeve opphavet til mangt eit gourmetmåltid.
Valdres er i dag den viktigaste plassen for rakfiskproduksjon i landet.
Rakfisk frå Valdres er laga av aure som er lett nedsalta, mellom 4 og 6 %, som gjer ein naturleg fermentering av mjølkesyrebakterier. Du kan få han både som mild, moden og vellagra.
Rakfisken oppsto etter mange år med tradisjon for nedsalting av aure for vinteren, men salt var eit kostbart produkt, og mange reduserte bruken av dette. Tilslutt kom ein til eit punkt der fisken begynte å fermentere, og me fekk ein modling lignande den i kvitmuggost. Samt at ein fekk ein fisk med sterk aroma og mjuk konsistens.
I dag er rakfrisken frå Valdres kjend som den kanskje beste i heile landet og kvart år kjem meir enn 20.000 personar på Norsk Rakfiskfestival på Fagernes.
Produsentar: