Annen mat og drikke

Valdresgrilling av fersk fisk
Valdresgrilling av fersk fisk
Foto: www.herangtunet.no

Valdres har gode beitemarker for reinsdyr, noko ein får att i kvaliteten på kjøttet. Reinsdyrkjøtt er magert, mørt og har en balansert viltsmak. Filetane smakar godt lett rista i panne med ein portvin eller sjokoladesaus til, eller grytekjøtt i rømme og fløytebaserte viltgryter.

 

Stølsmjølka er mjølk som kjem fra kyr som går på beite i fjellheimen i Valdres. Denne mjølka er rikare på smak og inneheld fleire antioksidanter og sunne feittsyrer på grunn av det varierte beitet.

 

Valdres har lange tradisjonar med produksjon av kvit- og brun ost. Ein samlar ostemassa til den kvite osten, for så å koke mysa til ho vart karamellisert og tjukk. Med litt fløyte og sirup får den brune osten større fylde, lokalt kalla prim eller brim.

 

Potet har vore ein særs viktig del av kosthaldet i Valdres og dyrkinga har lange tradisjonar. Poteten blir også brukt til videreforedling. Dei viktigaste produkta er lefse og flatbrød laga av poteter og mjøl.

Sist oppdatert   30.03.2010   Av   VD

 

Valdres Turistkontor

Jernbanevegen 7 - 2900 Fagernes Tel +47 61 35 94 10  Fax +47 61 35 94 15  info@valdres.no
www.facebook.com/ValdresDestinasjon

Powered by TellUs