Organisasjonen Valdres Kvalitet jobbar med å auke fokus på rett og god kvalitet på lokalmat. Du finn meir informasjon på nettstaden deiras, www.valdreskvalitet.no.
Mat- og landbruksprodukt frå Valdres
Har ry for kvalitet og særpreg. For å forsterke dette ryet og gje det eit dokumentert innhald og ei spesiell merking, har meir enn hundre gardsbruk i dalføret samla seg om eigne og særmerkte krav til korleis produksjonen skal gjennomførast.
I tillegg til alle dei krav som i dag gjeld for norske gardsbruk, har ein på tvers av ulike produksjonar, og som den einaste regionen i landet, samla seg om nokre spesielle fellesnemnarar.
I organisasjonen som har fått namnet ValdresKvalitet BA, har ein lagt stor vekt på driftsformer som skjøtter miljø og tradisjonar på ein aktiv og god måte. Slik vil vi møte forventningane og krava frå den moderne og kvalitetssøkjande forbrukar.
Kvalitetsmerket
Under eit spesielt kvalitetsmerke vil du etter kvart finne attraktive kvalitetsprodukt i butikkar, på kafear og restauranter. Råvarene kjem frå gardsbruk som har det til felles at dei ikkje nyttar plantevernmiddel. I tillegg let dei dyra sommarstid finne mat og trivsel i fjell og utmark.Rundt om i heile Valdres vil det etter kvart komme opp eigne skilt i gardsvegar og stølstun. Skilt som syner at garden sin produksjon er i samsvar med alle krava i ValdresKvalitet.
Tradisjonar og kulturlandskap
Forutan restriksjonane når det gjeld plantevernmiddel, er aktiv beiting i fjell og utmark viktige krav i denne standarden. Slik vil ein skjøtta kulturlandskapet, gjere noko med attgroinga i fjell og hytteområde og halde det spesielle stølsmiljøet i Valdres i live.
I Valdres skal hytteeigarane framleis få oppleva å høyre songen frå dyrebjølla, lyden som ber bod om at kyr- eller geiteflokken kjem heim til mjølking.
Du kan kjenne det på smaken….
Forskning i inn- og utland viser at dyr som om sommaren nyttar slike fjell-og utmarksbeite gjev produkt med anna smak og ein annleis og gunstigare feittsyresamansetnad, både i kjøt – og mjølkeprodukt.
Her har du som forbrukar mykje å sjå fram til !