Annonser

Skriv utSkriv ut

Valdres Folkemuseum


GPS koordinater
Breddegrad: 60.981294851
Lengdegrad: 9.2305433750
Fasiliteter

Aktiviteter

Barnas gård, Folkedans, Friluftscene, Guide, Spasertur, Utendørsarrangement, Utstilling


Arrangementstyper

Teater


Dyr/fiske slag

Geiter, Haner/høner, Hester, Kaniner, Kuer


Rabatter

Familierabatt, Gruppepriser


Sesong

Helårsåpent, Sesongåpent (Høysesong 25.06.-31.07 åpent hver dag kl 10-17, mellomsesong 04.06.-24.06. og 01.08.-02.09. åpent hver dag kl 10-16.)


Språk

Engelsk, Norsk, Tysk


TripAdvisor
Kontakt
Adresse:
Tyinvegen 27
2900 Fagernes

Telefon+47 61359900
E-postinfo@valdres.museum.no
Webwww.valdresmusea.no


Beskrivelse

Valdres Folkemuseum vart grunnlagt i 1901 og er eit av dei største friluftsmusea i landet, med 97 hus innafor skigarden. Museet ligg vakkert til på Storøya ved Fagernes.

I sommarsesongen er det daglege omvisingar på fleire språk, og i høgsesongen er det tilbod om folkemusikk- og folkedansprogram i Rognebygningen. Her får ein møte unge musikarar og dansarar, høyre instrumenta langeleik og hardingfele, og sjå hallingdans og springar frå Valdres. Valdres Folkemuseum er arena for fleire store arrangement, som Jørn Hilme-stemne og LIV-dagane.

Dyr på beite
Ingen sommar utan dyr på beite! På stølen på Valdres Folkemuseum beitar no gamle norske storferasar side om side med spælsau frå Tisleidalen. I gamle Kviistunet kan oppleva grisar, kaninar og høner – som vekslar mellom og slikke sol og å gøyme seg for regnet.

Naturstigen
på museet er 1,7 kilometer lang. Denne er fornya i 2011 i samarbeid med skogeigarane i Valdres. På museumsplassen er det leikeplass for borna. Her finn du huske, sandkasse, balansestokk og stylter.

Nytt velkomstbygg
I 2010 opna nytt Velkomstbygg for Valdresmusea, teikna av Lund Hagem Arkitekter AS. Her finn du butikk, museumskafé og flotte utstillingar.

Museumsbutikken
er open tysdag til fredag 10:00-15:00. Her finn du norske husflidsprodukt, GreenGate, Ugly Childrens Clothing, Snella & Petronella, silketørkle, bøker, tregjenstandar, musikk, treak, brente mandlar, glaskunst, leiker for barn, sylv og tinn. I butikklokala er det fine lesepultar og blaeksemplar av tidsskrifta Folkemusikk og Bunad.

Utstillingar
*Lomen-madonnaen og stolpar og plankar frå Fystro og Øde stavkyrkje
*Trøbilutstillingen "Småfolk i farta"
*Menighetssøstrenes drakter gjennom 100 år
*Folkekunst: skåp, tiner, instrument og tekstil
*Hattar frå Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning
*Bunadar og folkedrakter

Kafeen
på museet har ope tysdag- fredag og sundag klokka 11.00–16.00. Her kan du kose deg med nysteikte vaflar og herlege lunsjrettar.

Opningstider
Høgsesong: 25. juni - 5. august dagleg 10.00–17.00 Mellomsesong: 9.-24. juni og 6.-26. august dagleg 10.00–16.00 Året elles: tys–fre 10.00–15.00

Enkeltbillettar, sommarsesong
Vaksne Kr 90,-
Pensjonistar/studentarKr 80,-
Born (7-16 år)Kr 40,-
Familie (to vaksne, to barn)Kr 230,-

Enkeltbillettar, resten av året
Vaksne Kr 55,-Pensjonistar/studentarKr 45,-
Born (7-16 år)Kr 25,-
Familie (to vaksne, to barn)Kr 130,-

Årskort
ÅrskortKr 350,-

Relaterte produkter
Copyright © Valdres Folkemuseum

Nord-Aurdal

Kafé Valdres, Valdres Folkemuseum

Velkommen til Kafé Valdres, i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Med den flottaste utsikten i byen, ligger alt til rette for gode matopplevelser. Vi er matentusiaster og bruker lokale råvarer så langt det lar seg gjøre. Velkommen til en hyggelig...

Se også

 

Valdres Turistkontor

Jernbanevegen 7 - 2900 Fagernes Tel +47 61 35 94 10  Fax +47 61 35 94 15  info@valdres.no
www.facebook.com/ValdresDestinasjon

Powered by TellUs