Annonser

Skriv utSkriv ut

Mo Kirkeruin


GPS koordinater
Breddegrad: 61.065926917
Lengdegrad: 8.9923095703
Transportbeskrivelse

Bil
E 16 mot Vestre Slidre

Buss
www.jvb.no

Fly
www.fagernesairport.com www.flydot.no

Fasiliteter

Kirketyper

Middelalderkirke


Museum, Gallerier og kunsthåndtverk

Museum


Sesong

Sommer


Kontakt
Adresse:
2966 Slidre

Telefon61345000
E-postpost@vestre-slidre.kommune.no


Beskrivelse
Mo kyrkjeruin – bygd av ”skjønne levende stene”


Denne vesle steinkyrkja på vestsida av Slidrefjorden vart bygd om lag 1215. Opphavleg var det kanskje ei privatkyrkje, også kalla ”høgendeskyrkje”, for bonden på Mo. Den gong Mo-garden (g.nr 61) var heil og udelt, var dette kanskje den største garden i Vestre Slidre i utstrekning. Likevel var det uvanleg å byggje ei privatkyrkje i stein. Vi veit at Slidredomen vart bygd om lag 30 – 40 år før, og kanskje brukte bonden på Mo den store hovudkyrkja som førebilete. Steinkyrkja i Ulnes kom om lag 50 år seinare.

Mo kyrkje var truleg Norges minste frittståande steinkyrkje. Koret er berre 3,5 x 3 meter og skipet 6 x 5,8 meter, alt innvendige mål. Her finst eit hovudalter i stein i koret, med eit gotisk vindu over. Her finst også eit sidealter. Mo kyrkje vart seinare soknekyrkje for gardar på begge sider av Slidrefjorden. Skriftlege kjelder nemner Reien i 1368 og Hande i 1400, begge i Mo kyrkjesokn.

Det ser ut som kyrkja gjekk ut av bruk om lag ved reformasjonen i 1536. Sokneprest Herman Ruge kallar i 1743 og 1750 kyrkja for ein mannshøg ruin. Det var han om sa at kyrkja vart bygd av ”skjønne levende stene”. Store flaumar i Mosåne, mellom anna i 1860, dekker over mest heile ruinen. Ei oppmåling av det som enno var synleg skjer i 1884. Så veks skogen over området.

I 1972 vert det sett i gang rydding, utgraving og restaurering av ruinen i godt samarbeid mellom Riksantikvaren, Vestre Slidre ungdomsskule og Vestre Slidre kommune.

Elevar frå ungdomsskulen var med som assistentar for arkeologane og lærte mykje om lokal kyrkjehistorie. Veggen bak hovudaltaret vart murt opp att av lokale murarar. Heile omrisset av kyrkja kom klart fram, likeleis kyrkjegarden med murar rundt. Mo kyrkjeruin vart vigsla på nytt med eit stort stemne i 1977.

Ved utgravingane fann ein 85 middelaldermyntar. Dei norske var frå kong Sverre 1177 – 1202 til kong Hans 1483 – 1513. Dette viser om lag den perioda kyrkja var i bruk. Utanlandske myntar fra Danmark, Tyskland og England viser handel med utlandet, mellom anna hanseatane. Vidare fann ein pyntebeslag, del av ei messe-klokke og fleire andre gjenstandar. Alt er no på Kulturhistorisk Museum i Oslo. På kyrkjegarden fann ein tre delar av gravsteinar med hjulkors frå 11 – 1200 – talet. Dei er no på Valdres Folkemuseum.

På nordsida av kyrkja kom det fram 5 skjelett, som vart undersøkt på staden og så tildekka. Dei var alle kvinner, om lag 25 år gamle, om lag 1,5 meter høge, truleg ei massegrav frå Svartedauen i 1350.

Heile området rundt er seinare oppdyrka. Her er gudsteneste ein gong kvar sumar. Det er informasjonsskilt. Parker på vestsidevegen og gå ned langs elva. God tur
Relaterte produkter

Nord-Aurdal

Ulnes Kirke

Ulnes kirke er en steinkirke fra rundt 1265, omtalt skriftlig i 1307. Kirken var i middelalderen uten tårn, tilbygg og store vinduer. Sørdøra i skipet, nå et vindu, er i romansk rundbuestil. Et eldgammelt døpefontlokk står i koret. En kvinnefigur fra...

Copyright © Vestre Slidre kommune

Vestre Slidre

Slidredomen

Slidredomen er den gamle hovedkirken i Valdres, fra slutten av 1100-tallet i romansk rundbuestil. Høyt på sørveggen er to opprinnelige vinduer. Kirken har en hoveddør mot sør og en annen dør mot nord i skipet. Det er også en sørdør i...

Lomen Stavkirke

Vestre Slidre

Lomen Stavkirke

Lomen stavkirke er datert til rundt 1192. Denne kirken er svært lik og trolig bygd kort tid etter Høre stavkirke. Den eldste mynten som er funnet under kirkegulvet er datert til kong Sverre 1177 - 1202. Dette er en søylestavkirke, med fire...

Copyright © Robert Medik

Vestre Slidre

Mo Kirkeruin

Mo kyrkjeruin – bygd av ”skjønne levende stene” Denne vesle steinkyrkja på vestsida av Slidrefjorden vart bygd om lag 1215. Opphavleg var det kanskje ei privatkyrkje, også kalla ”høgendeskyrkje”, for bonden på Mo. Den gong Mo-garden (g.nr 61) var...


 

Valdres Turistkontor

Jernbanevegen 7 - 2900 Fagernes Tel +47 61 35 94 10  Fax +47 61 35 94 15  info@valdres.no
www.facebook.com/ValdresDestinasjon

Powered by TellUs