Høre stavkyrkje er frå omlag 1179, datert ved ei svært uvanlig runeskrift. Den eldste mynten ein har funne under kyrkjegulvet er fra omlag 1100. Stavkyrkja vart endra i 1822 på same vis som Lomen og Hegge.
Runane på staven inne i preikestolen har ei spanande historie. Sagaen fortel at kong Sverre drog gjennom Valdres i 1179 på flukt fra Magnus Erlingsson. Elling, lendsmannen på Kvie, hadde slutta seg til kong Sverre mot Magnus og far hans Erling Skakke. i 1179 fall Erling i slaget på kalveskinnet i Nidaros, og då avgjorde Elling og broren Audun at dei skulle bygge Høre stavkyrkje slik runane visar: Den sumaren då brødrene Erling og Audun hogg til denna kyrkja fall Erling i Nidaros.
Høre stavkyrkje har ein rik treskurd frå mellomalderen med draker og løver.
På portalen mot veggen i våpenhuset finst eit spesielt fint mellomaldersk smijernbeslag med underplate av messing. Dei liknar beslaga i Hedalen, Reinli, Lomen og i kyrkjer i Sogn, noko som understrekar at desse kyrkjene høyrer saman.
Åpningstider 2013: 22.06.-17.08.
tirsdager, onsdager, fredager og lørdager kl. 11-17
Inngangspris (inkl. guiding):
Voksne kr. 40,-
Barn og studenter kr. 30,-
Familie kr. 100,-
Grupper f.o.m. 10 personer kr. 25,- per pers.
Det gis ikke honnørrabbatt.