Kulturlandskapet

Artsrike slåtteenger har vorte svært sjeldne: Denne enga frå Skrautvøl i Nord-Aurdal har så mange sjeldne arter at ho er registrert som nasjonalt verdifull.
Dei ulike husdyra beiter ulikt og gir beitelandskapet ulik utsjånad.
Med kulturlandskap meiner vi eigentleg alle spor etter menneskeleg påverknad i naturen. I Valdres er det ikkje så mange stader du kan gå utan at du møter ein eller annan form for menneskeleg påverknad, anten det er eit kulturminne, husdyrbeiting eller jordbruk.


Sjølv om det med første augnekast ser ut som villmark kan det godt hende du finn felæger, bogestiller eller dyregraver i Valdresfjella. I mange fjellområde kan du også finne kolgroper og spor etter jarnutvinning. Kulturlandskap kan også omfatte bylandskap og tettstader som Fagernes. ”Kulturlandskap” er derfor eit vidt omgrep, men i denne teksten nyttar vi berre” kulturlandskap” om jordbrukets kulturlandskap. Ofte er dette landskapet ikkje berre påverka av, men avhengig av menneskas bruk fordi det et økologisk ustabilt. Når påverknaden frå menneske opphørar, vil landskapet gradvis gå tilbake til naturtilstanden. Det kan vere vanskeleg å førestille seg ein by gå over til ”naturtilstanden”. Det er faktisk mogeleg, det treng berre lengre tid.

Vi reknar med at jordbruket i Noreg har ei 5000 år gamal historie. Pollenanalysar frå Slidreåsen syner at det var beitande husdyr der allereie i perioden 2800–2000 f.Kr. Det er også funne ein del jordbruksreiskap av stein frå tida før jarnalderen i Valdres, uvisst kor gamle dei er.

Kulturlandskapet i Valdres

Kulturlandskapet i Valdres bærer tydeleg preg av at husdyrdrift har vore sjølve livsgrunnlaget for menneska i fleire hundre år. Gardane er små, men beiteområda store. Berggrunn, jordsmonn og vasstilgong gjev mange stader gode tilhøve for godt beite

Rundt garden ligg jordene som skal sørgje for vinterfôret til dyra. Tidlegare, då det var knappare om fôrressursane, beita dyra sjeldan på innmarka. Dei vart sendt opp i heimebakkane gjennom ei gøte opp frå garden. Ofte vart dei fylgt ev ein gjetar som passa på at dei held seg unna dei beste slåtteliene. Korleis graset har vore nytta kan vi ofte sjå ut i frå artssamansetnaden i enga.

Når graset vart grønt nok, flytta husdyra til vårstølen. Mange hadde fleire vårstølar og hauststølar (heimstølar) dei flytta oppetter om våren. Etter eit par månader på langstølen lengst inne i fjellet, bar det ned til hausstølen før dei enda opp på garden for vinteren.

Det var med andre ord graset som har bestemt livsmønsteret til menneske og dyr. Valdres har ikkje same barskogbelte som mange andre stader på Austlandet, og slik at beitene har vore meir tilgjengelege. Samstundes har det heller ikkje vore så bratt som lenger vest i Noreg slik at overgangen frå gard til støl har vore ”flyande”. Derfor kan du i Valdres finne spor etter heimstølar og utslåtter heile vegen frå gard til fjell.

Biologisk mangfald

I det kontinuerlege samspelet mellom menneske, dyr  og natur har det utvikla seg eigne artar og artssamfunn. Fleire arter og spesielle variantar av arter i kulturlandskapet krev kontinuerlig beiting i fleire hundre år for å etablere seg! Ofte er også artsrikdomen av planter høgare i kulturlandskap enn i naturtilstanden.

Alle kommunane i Valdres har registrert biologisk mangfald, og det er funne mange område som både har stor artsrikdom og som inneheld sjeldne og truga artar. Tilhøva i Valdres er stadvis svært gode med god tilgang på vatn samstundes som at bergrunnen er næringsrik. Dette saman med fleire hundre års beiting gjev eit kulturlandskap med ei heilt eigen artssamansetnad. På Stølsvidda i Nord-Aurdal kan vi finne enger av ballblom og dunhavre, og mykje av dei raudlista (nasjonal liste over truga og sårbare arter) plantane bakkesøte og marinykkjel. I Vestre Slidre har vi fleire lokalitetar med freda arter som haustmarinykkjel, medan Vang har gode førekomstar av den raudlista fjellnøkleblom. Mange insektartar er avhengig av spesielle planter i kulturlandskapet. I Vang vart det i 2004 og 2005 funne fleire nye insektartar for Noreg!

I Etnedal er det fleire lokalitetar med skjeggklokke. Skjeggklokka liknar på ei lodden blåklokke, og har sin einaste kjende norske førekomst i desse trakter. I Nord-Europa er den er den kjend frå Dokka, Etna og Gausdal. Næraste veksestad  derfrå er Alpane.

Dei artsrike kulturlandskapa har etterkvart vorte svært sjeldne. Heile 30 % av dei truga artane i Noreg ligg nettopp i jordbrukets kulturlandskap. Biologisk mangfald er noko som ikkje berre vi, men det internasjonale samfunnet er einige om at er verdifullt.

Kulturminne

Kulturminne som skålgropsteiner, steigarder, stinett, tufter, stakkstøer, rydningsrøyser og utslåtter som ligg i kulturlandskapet fortel oss mykje om samspelet mellom menneske og natur gjennom hundrevis av år. Les meir om kulturminne under tema kulturminne.