Valdresnaturen

Frå Stølsvidda ved Tisleifjorden. Foto: Naturfokus.
Valdresnaturen er mangfaldig og variert. Frå dei djupe skogane i sør til stupbratte tindar i nord, langs dalføre med innsjøar, elver og brusande bekkar.

Stølsvidda

Stølsdrifta og stølskulturen er ein svært viktig del av kulturarven vår. Stølskulturen har betydd mykje for utviklinga av den nasjonale identiteten og mat- og musikktradisjonar her i landet. Stølsdrifta har langt attende i tida sett sitt preg på kulturlandskapet. Om sumaren flytter ofte familien på garden til fjells med buskapen for å utnytte det sfatige fjellbeitet til produksjon av mjøl og kjøt.

Støsbruket er dei fleste stader i tilbakegang, men i Valdres har vi framleis eit levande stølsmiljø med rundt 300 stølar i aktiv bruk med kyr og mjølkeproduksjon. I tillegg blir ein stor del av dei andre stølane brukt til beite eller forproduksjon. Stølsbruk i Valdres er i omfang og posisjon heilt spesielt i landssamanheng.

Ved sidan å vera nødvendig for jordbruket, har stølsdrifta skapt eit svært rikt biologisk mangfald.

Stølsbruket er og svært viktig for reiselivet. Aktivt stølsbruk med det tilhøyrande stølslandskap er viktig for å kunne marknadsføra Valdres som reiselivsmål.

Jotunheimen

Jotunheimen er Norges mest kjente og mest majestetiske fjellområde med 1140 km2 nasjonalpark og 300 km2 landskapsvernområde. Jotunheimen er et unikt område med urørt natur, frisk luft og et spennende og utfordrende fjellområde for turvandrere. Av landets ca.300 2000 meters-topper ligger mellom 80 og 90 % i Jotunheimen. Fjellområdet har et godt utbygd hyttenett og mange merkede stier, både familievennlige og litt mer krevende.

Kulturlandskapet

Les meir om kulturlanskapet i Valdres.

Verneområde

Fleire område i Valdres er så unike og dyrebare at dei har vorte verna. Klikk her for å lese meir om verneområda.