Turtips i Etnedal

Hausten 2006 starta Etnedal kommune eit nytt turmålsprosjekt. ”På tur i Etnedal” heiter prosjektet og tek deg med til nedlagde sylvgruver, gamle festningsmurar, krøterstigar og fjelltoppar.

Har du nokon gong høyrt om dei gamle festningsmurane på Tonsåsen? På 1970-talet vart det oppdaga nokre merkelege murar på ein knaus sørvest for Os seter. Dette var ikkje ein tilfeldig samling stein, men murar bygde av menneske. Lenge trudde ein at dette var reistane etter ein bygdeborg frå folkevandringstida (500 e.kr). Det viste seg derimot at murane var av yngre dato. Nokon sikker stadfesting kunne Riksantikvaren derimot ikkje koma med. Mest truleg var murane bygde under Sjuårskrigen (1563—1570), men dei kunne også vera forskansingar frå Den store nordiske krig (byrjinga av 1700-talet), meinte dei. Murane strekkjer seg i ein halvsirkel omkring ein liten knaus. Frå toppen av knausen er det fint utsyn mot Etnedal i aust og mot dalføret i vest.

Fjelltoppen Himalaya er også blant dei ti turmåla som ein no ynskjer større merksemd omkring. Og trudde du Himalaya berre var for tøffingar med hjelm og klatreutstyr? Tru om att. Himalaya ligg i fin avstand frå Tonsåsen stasjon. Turen opp tek om lag 30 minutt og frå toppen har du eit fantastisk utsyn over Etnedal.

Dei ti turmåla er ikkje av det ekstreme slaget. ”På tur i Etnedal” er eit tilbod for dei fleste og ein kjem langt med godt humør, niste og gode sko. Og så må du ikkje gløyme stemplingskortet. På kvar av dei ti turmåla er det lagt ut stemplingsklemmer og dei med ti stempel på kortet er med i trekninga om ein fin premie. Stemplingskorta er lagt ut på ti ulike bedrifter i Etnedal.

På denne sida finn du kun vegbeskrivingar, vil du lesa meir om dei ulike turmål ligg det mykje god informasjon på heimesidene til Etnedal kommune!
Etnesenndammen
Køyr til Smiugardsbygde. Bru over Rotvolla. Ta til venstre i kryss mot Nyset. Vegen fortsett fram til Etna. Fyrste veg til høgre etter brua. No følgjer du denne vegen om lag 500 meter. Her er det parkering. Herifrå er det cirka 200 meter ned til Etnesenndammen.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Krestaførdalen
Nord for Bruflat (riksveg 251) er det skilta veg mot Svilosen. Denne vegen køyrer du 5 kilometer. Framme ved Nyhus er det ein parkeringsplass. Herifrå går det stig mot Krestaførdalen og denne følgjer du cirka 2 kilometer. Stigen er delvis merka med gule stikker. Følg stigen sørover. Stigen går på vestsida av Sjurudputten og kryssar sidan ein bilveg. Følg stigen vidare sørover fram til du kjem inn på nok ein bilveg. Følg denne vegen og ta til venstre i fyrste kryss. No er du snart framme i Krestaførdalen. Dei siste 150 metrane er det stig som går vidare mot Dalavardin.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Kyndilsmessteinen
Om lag 4 kilometer nord for Flaggfjell kro og bensin (riksveg 33) set du att bilen på parkeringsplassen ved Skardtjedn. Gå austover forbi ei raud hytte. Følg delvis attgrodd stig nedunder eit høgdedrag. Etterkvart passerar du ein loddrett fjellvegg. Rett etter denne skrår du opp på ei høgd. No ser du snart Kyndilsmessteinen.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Slettohaugen
Frå Rust tek du av til Glenna. Her parkerar du. Frå Glenna følgjer du stigen (skiløypetrasé) mot Jomfruslettfjellet. Etter vel 1 kilometer kjem du ei stigning i terrenget. Her ser du tuftene etter Nerre Slettatn. Følg stigen vidare mot ei svart hytte oppe i lia. Bak denne hytta følgjer du stig til venstre. Følg denne cirka 50 meter. Her delar stigen seg. Du skal til høgre. No er du inne på stigen mot Slettohaugen.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Sylvåra i Tintonberget
Om du køyrer riksveg 33 sønnafrå tek du av i kryss, cirka 1,5 kilometer nord for Høljarast. Køyr fram til gamle Etna stasjon. Frå stasjonen går du skogsbilveg 3 kilometer sørover mot Løkenvatnet. Ein stig kryssar bekken nord for Løkenvatnet. Følg stigen opp mot Tintoen (788 moh). Bratt terreng. Gå opp frå sør eller frå nord. Frå Tintoen (788 moh) går du ned på den austre høgda (751 moh). Herifrå har du eit flott utsyn over store deler av Sør-Etnedal. Noko aust for 751-toppen ligg sylvuttaket frå 1970-åra. Det eldste forsøket på gruvedrift ser du sør for 751-toppen.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Fløgeisberget
Cirka 1 kilometer sør for Bruflat sentrum tek du av til venstre mot Kleivgardsbygde. Om lag 1,5 kilometer frå riksvegen ligg gardstunet i Nørre Kleivgard. Her tek du til venstre i krysset og følgjer vegen vidare oppover.  Ta til venstre også i neste kryss. Følg vegen fram til bommen. Her set du att bilen. No lyt du gå tilbake vegen du kom. Etter cirka 100 meter er det merka stig til venstre. Følg denne fram til Fløgeisberget. Oppunder Fløgeisberget er det gode klimatiske forhold. Her veks det mellom anna hassel.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Murane på Tonsåsen
Frå Bruflat køyrer du riksveg 33 over Tonsåsen. Liten parkeringsplass på venstre side av vegen, 800 meter nord for Os seter. Herifrå går det skogsbilveg til høgre i retning sør. Følg vegen til endes. No lyt du ta deg fram over nokre fururabbar. Følg merking. Snart ser du ein kolle kneise i terrenget. Då er du snart framme ved dei gamle murane.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Breiesleiren
Frå Bruflat køyrer du fylkesvegen opp mot Fjellsbygde. Cirka 700 meter sør for skilt mot Fjellsbygde går det veg til høgre, mot gardane Hestkinn og Breie. Køyr opp her. I neste kryss tek du til høgre mot Breie. Eit kryss til – her tek du til venstre. No er du oppe ved ei sag. Set att bilen her. Frå saga følgjer du skogsbilveg mot Samelstadtjednet (cirka 3 kilometer). Ved Storemyr delar vegen seg. Hald til venstre. Frå Samelstadtjednet er det merka stig mot Breiesleiren (1,5 kilometer). Du kan også gå den gamle kongevegen fram til Samelstadtjednet. Skogsbilvegen frå saga går delvis parallelt med kongevegen. Skilta. Vis omsyn, aktivt landbruk.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Himalaya
Parker ved Valdres Næringspark (Aven Tre). Herifrå følgjer du skogsbilveg (Meinsetvegen, på andre sida av riksvegen) cirka 1 km. Etterkvart ser du Himalaya i det fjerne. Ta av til fyrste veg venstre. Etter vel 300 meter kjem du inn på merka stig og denne går opp på Himalaya. 

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!
Skarshøgdé
Frå Smiugardsbygde følgjer du vegen mot Stuvelie, cirka 4,5 kilometer. Her er det eit skilt i vegkanten som det står Ø. Skardet på. Her er det mogleg å parkere for den som har bil. Følg bilvegen innover mot Nørre Skardet fram til parkering. Frå parkeringa går det stig opp på Skarshøgde. Ein snau kilometer å gå.

Vil du veta meir om turmålet? Les hjå Etnedal kommune!