Fylkesmannen overraska med 200 000 til klimasamarbeidet
publiseringsdato: 20.11.2008
Hallingar og valdrisar har sidan i august samarbeidd om ein felles klimaplan for kommunane i dei to dalføra. Som ei god støtte til dette arbeidet, fekk partane overrekt ein sjekk på 200 000 kroner frå Fylkesmannen i Oppland, Kristin Hille Valla, på eit møte på Bioforsk Løken torsdag.
Duell med ski og gevær
publisert 16.11.2008
12,5 skiskyting for kvinner vart ein spennande duell mellom Tora Berger frå Lesja og vår eigen skrautvålsjente, Solveig Rogstad. Dei var i ei klasse for seg, og som i fjor var Solveig Rogstad fyrst ut etter siste skyting. Etter solide tjue blinkar var det berre Tora som kunne tukte henne.
Solveig i rute
publisert 15.11.2008
Solveig Rogstad bekrefta at ho vil vera med i skiskyttartoppen i år også med ein overbevisande andreplass på Beitosprinten i dag. Utan ein bom med ei ekstra runde til straff, hadde ho vore i sekundstrid med dagens vinnar, Tora Berger, som skaut feilfritt. Valdresportalen dekka dagen på Beitostølen med videokamera.
Beitosprint med knallstart
publisert 14.11.2008
Det kunne ikkje bli betre. Lett snøfall natt til fredag og fram til kvarteret før sprintprologen starta. Då letna skydekket og sola braut gjennom. Arrangør, løparar og publikum fekk glimrande forhold - og TV-produksjonen får me vel legge til.
Klart for Beitosprint og skiheisopning
publisert 13.11.2008
- Enorm interesse og fantastiske forhold! Pressesjef Geir Norling er oppglødd framfor morgondagens start av Beitosprinten. 57 akkrediterte pressefolk frå tretti medier har meldt seg, det er fleire enn nokon gong, seier han.
Fyrtårnsatsing i Valdres
publisert 11.11.2008
Det satses på gards- og stølsturisme i Valdres! 20 vertskap og matprodusenter fra hele Valdres deltar i det nye Fyrtårnprosjektet som setter fokus på produktutvikling og kompetanseheving innen bygdeturismen i regionen. Målet med prosjektet er å øke verdiskapinga i landbruket i Valdres.
Lokal forvalting utløyser engasjement for bygdeutvikling
publisert 07.11.2008
Valdres Natur- og Kulturpark har gode erfaringar med lokal forvalting av bygdeutviklingsmidlar. Forsøksordninga er evaluert etter fem år og rapportane syner gjennomgåande gode resultat. Lokalt engasjement for bygdeutvikling er avgjerande for gode omstillingsprosessar.
Engelsk journalistbesøk
publisert 04.11.2008
To journalistar frå London fekk med seg både rakfiskhelga og litt tilbehør, og vart svært begeistra over det det såg og opplevde. Dei representerte ei gruppe magasin utgjeve av Runwild media, der livsstilsmagasinet Canary Wharf er det største. Totalt opplag skal vera 750 000 eksemplar.
Kjempesuksess for Rakfiskfestivalen
publisert 03.11.2008
- Kjempefornøgd!! Det er ei kort, men presis oppsummering frå rakfiskgeneral Heidi Arnesen etter at Rakfiskfestivalen 2008 er historie. - Konkrete tal er det for tidleg å gå ut med, men både Byfanten torsdag og Tjuvstarten fredag gjekk for fullt telt. Og i gatene krydde det av folk.
Røn Gard - årets fagjuryvinnar
publisert 02.11.2008
Rakfiskfestivalen 2008 er over. Det blir snakka om publikumsrekord, og etter inntrykket frå gatene laurdag kan det nok stemme at fjorårets rekord på 25 000 vart slegen. Det var elles ein kald, men solrik festival.