- Valdreskulturen
- Festivalar
- Matkultur
- Kino
- Gards- og stølsopplevingar
- Kyrkjer i Valdres
- Kunst og handverk
- Valdresmusea
- Severdigheiter og kulturminner
- Valdresbiblioteka
- Sceniske utøvarar
Valdreskulturen
|
Folkekulturen er sentral i Valdres, og kanskje det mange fyrst og fremst forbind med Valdreskulturen. Tradisjonell folkemusikk og -dans har i lange tider vore viktige element i folks liv, og tradisjonen er høgste grad levande også i dag.
Gjennom alle tider har Valdresnaturen vore ei viktig inspirasjonskjelde for kulturutøvarar på ulike nivå. Vi har i tillegg til dei fastbuande kunstnarane også besøk av kulturutøvarar som er innom i Valdres og hentar inspirasjon til sine uttrykk.
I Valdres har vi gjennom året eit mangfald av kulturarrangement og festivalar. Desse gjer deg sjanse til å oppleva dei dyktige kulturutøvarane våre. Det er stor spennvidde i arrangementa, men alle er prega av profesjonalitet, engasjement og formidlingsglede. Om du er glad i folkemusikk, klassisk musikk eller rock, eller mat og mattradisjonar, så finn du eit arrangement her. Kanskje set du meir pris på fysisk aktivitet, som deltakar eller frå sidelinja?
Uansett – Du er hjarteleg velkomen til å vera med!





/rakfisk_200.jpg)