- Valdreskulturen
- Festivalar
- Matkultur
- Kino
- Gards- og stølsopplevingar
- Kyrkjer i Valdres
- Kunst og handverk
- Valdresmusea
- Severdigheiter og kulturminner
- Etnedal
- Nord-Aurdal
- Sør-Aurdal
- Vang
- Vestre Slidre
- Øystre Slidre
- Kongevegen
- Valdresbiblioteka
- Sceniske utøvarar
Einangsteinen
I Garbergfeltet - eit gravfelt frå ca. år 300 - 900 - står Einangsteinen - Einangsteinen, frå rundt år 300 e.Kr., er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som står på sin opphavlige plass. Runer ble tatt i bruk for 2000 år sidån. De yngste runene var i bruk fram til ca. 1400 e. Kr. På Einangsteinen finn ein derfor skrift med den eldste runerekka. Teksten på gammalnorsk lyder:
"Ek godagastir runo fahido" som oversatt betyr "Eg godgjest gjorde runene".
"Ek godagastir runo fahido" som oversatt betyr "Eg godgjest gjorde runene".
Gardbergfeltet
I området er det også funne spor etter hustufter og kolgropar. Berre ein del av området er lagt til rette for publikum
Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Valdres er eit område på meir enn 2 km2. Her finn ein om lag 1000 gravrøyser (550 er undersøkte) og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot vikingtid. Heile området har vore nytta som gravfelt i gjennom heile perioden frå elder og yngre jarnalder.
Det var elles ikkje vanleg å ha ”offentlege gravplassar” i førkristen tid. Gravene var oftast tilknytt ein gard i små gravfelt, men det finst også større gravfelt med graver frå fleire gardar. Dei mange gravhaugane i Gardbergfeltet kan derfor tyde på stor aktivitet.
Området har også spor etter jarnutvinning. Spor etter jarnutvinning kan ein finne i dei fleste fjellområda i Valdres.
I eit av felta ligg ein stor skålgropstein med 70 skålgroper. Skålgropar var vert vanlegvis datert til bronsealderen. Pollenanalysar frå området syner at det har vore husdyrhald i området i 4.500 år.
I ein av gravane, Sverdgraven ved Bråtehaugen, er det funne eit sverd frå eldre jarnalder. Slike funn er ikkje så sjeldne i Valdres. Det som gjør dette funnet ekstra spesielt er at det på sverdet er eit smalt rektangulært stempel på langs av bladet, der ordet eller namnet RANVICI står med opphøgde latinske bokstavar. Det er et forholdsvis bredt, kraftig hoggsverd, truleg smidd av ein romersk smed ved grensa i Romerriket. Sverdet finn du i dag på historisk museum i Oslo.

Olberg varde i Vestre Slidre
![]() |
| Varden på Olberg. Foto: Naturfokus. |
Veten er eit oppbygd bål som var plassert slik at det kunne sjåast frå minst to andre vetar og deler av bygda. Når ein vete vart tend, var dette eit signal om angrep utanfrå, og meldinga vart send vidare til neste vete. Dette gjekk mykje raskare enn å bringe meldinga vidare til fots eller hest. Angrep kom oftast frå kystsida, og systemet var organisert slik at kvart kystdistrikt var inndelt i skipreider som skulle stille skip, mannskap og proviant til rådvelde for kongen. Systemet vart sist nytta i 1429, og gjekk seinare over til å verte ein eigedomsskatt.
Beskrivingar frå 1700-talet gjer det mogeleg å byggje opp vetar som kan likne på dei som var i bruk i mellomalderen. Veten var bygd opp rundt ein stokk på ca 10 m med tørre stokkar. Rundt desse vart det lagt opptenningsmateriale, og yttarst var det eit eller fleire lag med reiste stokkar. Veten vart lagt på ein tørr stad, somme tider med ein steinring til fundament
Til Olberg kommer en lettest ved å kjøre opp "Trillebakkene" på vestsida av Einangsundet.

/olberg_varde_naturfokus.jpg)