Severdigheiter i Vang

Bekkekvernene ved Leineåne i Vang
Leineåne med ei av bekkekvernene bak. Foto: Naturfokus.
Eit eineståande bygningsanlegg på Vennis i Vang er 6 bekkekverner ved Leineåne.  Det har på det meste vore 13 kverner ved Leineåne, men de fleste ble tatt av storflaumen i 1860. Ein reknar med at bekkekvernar har vore i bruk allereie i mellomalderen. Dokument frå 1729 syner at det var vanleg at kvar gard med vassfall hadde si eige kvern, og på den tida var det talt 79 kverner i Vang.  I dag haldast 5 av de 6 kvernene i standi form av ein samarbeidsavtale mellom Vang kommune og eigarane, medan den sjette kverna blir ivareteke av eigaren sjølv.
Gravhaug på Lerhol
På Lerhol i Vang ligg ei gravhaug som datert om lag 400 år etter Kristus. Vang skil seg ut frå dei andre Valdreskommunane ved at ein kan sjå sterk påverknad frå vest i merovingar- vikingtid. Her finn vi typiske vestlandsgraver, som ein elles berre finn på Vestlandet. Dette er skjelettgraver med hellekister, ofte rikt utstyrt med importvarer som glasbeger og bronsekar.

I vestlandsgravene i Vang er det funne perler av glas og rav, noko som ikkje har synt seg i resten av dalføret. Vestlandsgraver er m.a. funne på Bunde i Høre, Lerhol i Remmisgardane, på Hamre og Nordland på Vennis og på Bruflat på Mjøsvang. Grava har ei tydelig hellekiste som du kan sjå fordi gravhaugen er utgravd. Grava er ei dobbel mann/kvinnegrav, og inne i grava på Lerhol er det mellom anna funne 100 perler og 26 svarte og kvite spelebrikker.
Riddarberget på Høre i Vang
I Høreskogen i Vang ligg tydelige rester etter ei bygdeborg. Borgen strekker seg aust–vest ca 150 m og nord–sør ca 75 m. Restane etter borga består av tre murar som er 27, 15 og 14 m lange, 1,5 til 2,0 m breie og opp til 0,5 m høge. Det er funne kjelde på staden, og det skal også vere ein hustuft innanfor murane. Ned frå borga går ”Den løynde gangen” gjennom ei trong kløft i berget, og eit stort rom under borga kallast ”Stallane”.

Bygdeborger som er undersøkt i Noreg syner at dei er frå eldre jarnalder, perioden 300–500 år e.Kr. Før Noreg vart samla til eit rike, bestod landet vårt av fleire mindre, sjølvstendige einingar med såkalla høvdingdømme. Det har truleg vore behov for forsvar mot inntrengjarar, og bygdeborgene kan ha tent som forsvarsborger og tilfluktsstader. Borgene er nesten alltid lagt oppå stupbratte berg med godt utsyn. På den måten hadde høvdingen godt oversyn over ferdsel og varetransport. Inne i borga er det ofte ei kjelde, og i muren finst ein eller fleire portopningar, og sjølv om ein ikkje har funne restar etter bygningar inne i borga, er det ikkje utenkjeleg at det har eksistert.

Restane etter bygdeborgene minner i dag ikkje mykje om ei borg. Murane var berre bygd der terrenget ikkje gav vern nok i seg sjølv, og restane etter desse er samanrasa og overgrodd. Dei låge murane gav ikkje nok vern, og svenske undersøkingar syner restar etter tømmerpalisadar som har hatt steinmuren som forankring. Enkelte borger hadde også tårn av treverk langs muren. Det er ikkje utenkjeleg at det kan ha vore bygdeborger som berre var av tre og som vi i dag ikkje ser spor etter.
Riddarstøga
Riddarstøga på Lerhol er frå 11-1300-tallet. Riddaren Sigvat av Leirholar (1270-1340) - også kalla Sigvat Kvien - fordi han også hadde tilhald på garden Kvien. Sigvat var sysselmann under kongen for Valdres og Hallingdal.

Soga seier at Sigvat bygde støga til brura han hadde røva frå Sanbudriddaren Ivar Gjesling - Skårvangsola i Gudbrandsdalen. Han bygde på ein 2.etasje på den opphavlige årestøga på garden. Riddarstøga vart soleis eit av dei første bustadhusa med  to etasjar i Noreg.

Sigvat var kongens mann i Valdres, Sigvat var her heime, men som riksråd var han truleg ikkje alltid like godt motteken. Segna seier at han ble myrda ca. 1340 og gravlagt under golvet i Vang Stavkyrkje.
 
Trass i mordet må Sigvat ha vore ein respektert mann. Det blå våpenskjoldet hans hang over gravstaden hans i mange hundre år - truleg til 1841 da stavkyrkja ble revet. I 1987 tok Vang Kommune våpenskjoldet til Sigvat som kommunevåpen.
Vangsteinen
Vangsteinen ved Vang kyrkje.
Foto: Naturfokus.
Den eldste runesteinen i vang ”Vangsteinen” er frå sein vikingtid. Runene står på smalsida. Der står det: ”Gåsesønnene reiste denne stein etter Gunnar, brorsønnen sin”.

Steinen står i dag ved Vang kyrkje. Det er uvisst kvar steinen tidlegare har stått, men mest sannsynleg har den stått utanfor Vang kyrkje sin øystre port. Kyrkja det er tale om er Vang stavkyrkje som no er i Polen.

Tradisjonen seier derimot at Vangsteinen opphavlig stod på garden Gåsedeilde, og at det finst ein annan tapt del som ligg i ei røys på garde.Etter tradisjonen skal røysa vore bygd for ein ved namn Gunnar. Om dette er ekte tradisjon eller berre ein kombinasjon av Gåses Søner på steinen og det gamle gårds-navnet Gåsedeilde har vi ikkje noko klart svar på.
Vinjebue
Vinjestøtta på Eidsbugarden.
Foto: Naturfokus.
I 1886 fekk Aasmund Olavson Vinje sett opp ei hytte ved det gamle Eidsbu felæger. Han kalla hytta Eidsbugarden. Seinare har ho vorte heitande Vinjebue. Denne var opphavet til det noverande Eidsbugarden Høgfjellshotell.

Vinje vart kalla Jotunheimens første ”landnaamsmann og odelsmann”. Det er sagt om Vinje at ”ingen Norsk skald hev lagt so mykje av høgfjellet inn under diktingi si som han”. Det mektige synet av tindane og breane har inspirert både han og mange andre kunstnarar.

”Eg er som vel du veit, ein fjellets mann,
Og difor dreg eg til fjells så tidt eg kan,
Aa friska meg paa fly og bratte bryn
Og sjå ikring meg alle store syn”