- Valdreskulturen
- Festivalar
- Matkultur
- Kino
- Gards- og stølsopplevingar
- Kyrkjer i Valdres
- Kunst og handverk
- Valdresmusea
- Severdigheiter og kulturminner
- Etnedal
- Nord-Aurdal
- Sør-Aurdal
- Vang
- Vestre Slidre
- Øystre Slidre
- Kongevegen
- Valdresbiblioteka
- Sceniske utøvarar
Attraksjonar og kulturminne
|
Det har budd menneske i Valdres lenge. Dei eldste busettingane er ca. 8 000 år gamle, og ligg lengst vest i Valdres. Det finst mange spor etter bustader frå eldre steinalder ved fjellvatna i Valdres. Frå denne perioden kan vi finne pilspissar av skifer eller flint, avslag frå stein, koksteiner og kokegroper.
Folk har truleg budd her kontinuerlig gjennom eldre og yngre steinalder, då det er funne ei rekke steinreiskap som har blitt brukt til jordarbeidingsreiskap i yngre steinalder. På Slidreåsen er det gjort pollenanalysar som viser at det har vore beiteplantar (dvs. til husdyr) i området i perioden 2800 til 2000 f.Kr.
Bronsealder (1800 – 500 f. Kr.)
I denne tida var det i realiteten framleis steinalder i Valdres. Det er derfor vanskeleg å skile funn frå bronsealder og yngre steinalder. Det er registrert fleire gravrøyser som kan vere frå bronsealder, og helleristingar i form av skålgropsteinar som kan skrive seg frå bronsealderen. Dei feste buplassane er truleg for lengst lagt under plogen, men èin buplass er registrert i Vestre Slidre. Det mest spektakulære er eit større depotfunn av bronse på Svennes i Nord-Aurdal. Funnet er det største samla bronsefunn i Noreg.
Jarnalder (500 f. Kr – 1030 e. Kr)
Omkring 500 f. Kr kom kjennskapen om jarnet frå Europa til Noreg, og nær Kristi fødsel lærte folk her til lands å lage jarn. Jarnet vart smidd til våpen, reiskapar, smykke og barrar, og jarnet har vore viktig for makteliten. I byrjinga var jarnet eit dyrt og sjeldan metall som berre dei rikaste kunne skaffe seg. I jarn- og mellomalderen var jarnet ei særs viktig inntektskjelde for gardane i Valdres.
Mange tusen tonn jarn har vore produsert i Valdres, og valdresjarnet var i gamal tid særleg kjent som ypparleg kvalitets smijarn. Så vidkjent var det at engelskmenn i mellomalderen spurte erkebispen i Nidaros om å få kjøpe dette. Elles er få av tollrekneskapane frå dei austnorske byane tekne vare på, slik at vi veit lite om kvar valdresjarnet tok vegen. Ei rettarbot frå 16. september 1282 frå kong Eirik Magnusson inneheldt forskrifter for ulike yrkesgrupper som jarnsmedar, kjelesmedar og gullsmedar. I eit bokføringsdokument for ulike varer og tenester er valdresjarnet nemnt.
Med jarnet skjedde det store omveltingar i Valdres. Folketalet og truleg også velstanden auka. Innan arkeologien deler i jarnalderen i eldre- og yngre jarnalder.
Eldre jarnalder
Frå hundreåra før Kristi fødsel er det svært fåe funn i Noreg. Det er uvisst kvifor, men ein teori går ut på at det var ei klimaforverring etter bronsealderen, og at folketalet gjekk ned. Klimaendringane etter bronsealderen gjorde at folk betra husa sine og flytta husdyra inn om vinteren. Bøndene vart bufaste. De eldste gardane i Valdres er frå ca 2-300 e. Kr. Mange av gravfunna inneheld gjenstandar frå lenger sør i Europa, som glasperler, gull-, bronse-, og ravsmykke.
Perioden 400 til 550 e.Kr. blir kalla folkevandringstida. Namnet skriv seg frå den germanske folkevandringa frå år 100 til 550 e.Kr. På denne tida vaks folketalet i Europa, og det var stor politisk uro. I Valdres kan vi finne fleire bygdeborger datert til folkevandringstid.
Det er også registrert fleire jarnvinneanlegg frå eldre jarnalder. Jarn frå Valdres utvikla seg til ein stor eksportindustri i løpet av jarnalderen.
Yngre jarnalder
I yngre jarnalder tok jarnutvinninga fart, og vi finn spor etter jarnutvinning i nesten alle fjell i Valdres. Jarnet vart utvinna frå myrmalm og brent i steinomnar. I yngre jarnalder brukte dei kol til oppvarminga og fikk såleis ein høgare temperatur som gav betre kvalitet på jarnet. Rundt jarnvinnene frå yngre jarnalder finner vi derfor ofte også kolgroper.
Ein annen ting som dukka opp i yngre jarnalder er fangstanlegg for reinsdyr. Spesielt i fjellområda i Vang, Vestre - og Øystre Slidre finst det mange fangstanlegg for rein. Fangstanlegga består av fangstgroper med ledegjerder, eller bogastiller der skyttaren kunne gøyme seg til dyra kom så nær at han kunne treffe byttet med pil.
Det kanskje viktigaste området frå jarnalderen i Valdres er Gardbergfeltet i Vestre Slidre som til saman inneheld over 1000 gravminne frå eldre til yngre jarnalder. I Gardbergfeltet står også Noregs eldste runestein på sin opphavlege plass.
Mellomalder (1030 – 1537)
I mellomalderen var Valdres kristna, og frå denne tida har vi blant anna dei seks stavkyrkjene i Hedalen, Reinli, Hegge, Lomen, Høre og Øye. Litt seinare i mellomalderen kom steinkyrkjene i Valdres. Slidredomen frå ca 1200 er framleis i bruk, mens kyrkja på Mo i Vestre Slidre står att som kyrkjeruin. På Lerhol i Vang har vi den eldste trebygningen i Valdres, Riddarstøga.
Nyare tid – etter 1537
I denne tida auka folketalet, og folk brukte utmarka i langt større grad. Mange av stølane i Valdres er frå ca. 1600-tallet. Utmarka er full av utslått-teiger, heimstølstufter og stignett frå denne tida. Mykje av dette er framleis i aktivt bruk. På musea i Valdres kan du finne bygningar, klesdrakter og andre utstillingar frå nyare tid.





/leinekvernene_hoyde.jpg)