Valdreskvalitet

Valdreskvalitet-emblemet.

- kvalitetsmerka mat frå dalens matprodusentar

I Valdres satser ein no tungt på å bygge ein høg kvalitetsprofil for mat frå dalføret vårt. Bak denne satsinga står ei lang rekke gardsbruk og mange mindre og større matbedrifter i regionen. Interessa for  god og variert mat med regional identitet har auka dei siste åra, og Valdres har svært mykje  by på.

Grunnlaget for den god maten i Valdres er gode råvarer, ein oppskriftstradisjon med stort mangfald, eit framifrå  handtverk og rause porsjonar. Men det er og ein utfordring å utvikle denne rike matkulturen med ny kunnskap for ei ny tid. Og dette tek matprodusentane i Valdres på alvor.

Merkeordninga Valdreskvalitet

Merkeordninga gir deg som forbrukar ein garanti for at matvarene held den kvaliteten du forventar å få her i dalen. Rakfisk, spekeskinke, kurv eller spekepølse i mange varianter, flatbrød, ulike ostar og andre mjølkeprodukt. Kjøt fra gardsbruk som tek kulturlandskap og stølstradisjonar på alvor, ja til og med øl frå eige bryggeri kan ein få kjøpt- med kvalitetsmerke frå Valdres.

Ved å velge produkter med  denne merkinga kan du væra trygg på høg kvalitet, samstundes som du  støtter eit miljøvennleg småskala landbruk som skjøtter ein rik kulturarv, viktig for oss alle.

Klikk her for å lesa meir om Valdreskvalitet BA.