- Valdreskulturen
- Festivalar
- Matkultur
- Kino
- Gards- og stølsopplevingar
- Kyrkjer i Valdres
- Stavkyrkjedalen
- Hedalen Stavkyrkje
- Hegge Stavkyrkje
- Høre Stavkyrkje
- Lomen Stavkyrkje
- Reinli Stavkyrkje
- Øye Stavkyrkje
- Steinkyrkjer
- Kunst og handverk
- Valdresmusea
- Severdigheiter og kulturminner
- Valdresbiblioteka
- Sceniske utøvarar
Slidredomen
![]() |
| Slidredomen. Foto: Naturfokus. |
Ecclesie Sancte Marie de Slidrum
Maria-kyrkja i Slidre vert nemnt skriftleg fyrste gong i eit pavebrev i 1264. I kyrkja står også ”Maria” med runar.
Hovuddør mot sør
Hovuddøra har middelalderlege smijernsbeslag av høggotisk type. Det heng og eit alenmål i ringen, noko som er svært sjeldan i dag. På murkarmen ved hovuddøra er eit kyssekors. I døråpninga er ein labyrint.
Vigslingskors, våpenskjold, vegg- og takmåleri
Her finst spor av fem innvielseskors, eit av dei ved hoveddøra er restaurert. På skipet sin nordmur er eit måla våpenskjold ca. 1330 – 1350. I dag er dette Vestre Slidre sitt kommunevåpen. På austveggen i koret er eit stort kalkmåleri frå 1400-talet. Her er apostlane, lenger opp er ei framstilling av himmelfarten og øvst ei velsigning eller kroning, omgjeve av englar med musikkinstrument. Takmåleriet i koret er frå om lag 1250 med Kristus som velsignar omgjeve av evangelistsymbola.
Svært sjeldan alterkalk
Slidredomen har ein unik alterkalk som enno er i bruk, truleg laga i tida 1325 – 1350. Ei innskrift seier at «Denna kalik gaf Salomon biskup i Oslo Slidra kirkiu». Salomon hadde vore prest i Slidre 1298 og vart biskop i Oslo 1322 – 1352. Han gav kalken til si gamle kyrkje som takk for at han overlevde Svartedauden 1350. Altertavla, preikestolen og korskiljet vart måla i 1797 og 1798.
Kyrkjeklokkene
Slidredomen hadde i gamal tid «12 med hinanden harmonerende klokker». No har kyrkja 4 klokker fra middelalderen i tårnet og 2 klokker i støpulen (klokketårnet), ei av dei frå middelalderen. Støpulen (klokketårnet) har årstalla 1679 og 1798.
Mo Kyrkjeruin
![]() |
| Mo Kyrkjeruin. Foto: Naturfokus. |
Privatkyrkje som vart soknekyrkje
Då garden Mo var heil og udelt var han kanskje den største i Vestre Slidre. Truleg var kyrkja opphavleg privat, ei såkalla «høgendeskyrkje». Mo kyrkjesokn er omtala i 1368 og 1400 med gardar på begge sider av Slidrefjorden. Eldste myntfunn er frå kong Sverre 1177 – 1202 og det yngste fra kong Hans, død 1513. Dette viser tidsromet kyrkja var i bruk.
Ruin etter reformasjonen
Kyrkja var truleg i bruk til omkring reformasjonen. Då fall ho etter kvart saman og låg i 1743 i mannshøge ruinar. Det vart sagt at kyrkja var bygd av «skjønne, levende stene». Ruinen vart brukt som steinbrot og etter kvart dekka av storflommar i elva Mosåne. Området grodde til med kratt. I 1972 – 1977 vart ruinen grave ut og restaurert ved samarbeid mellom Riksantikvaren og Vestre Slidre ungdomsskule. Det er messe i ruinen ein gong kvar sumar.
Restaurering av ruinen
Heile omrisset av kyrkja har kome klart fram. Veggen bak altaret er murt opp att med eit gotisk vindauge. Kyrkja har eit hovudaltar i koret murt inn i austveggen og eit sidealtar på nordsida i koråpningen. Kyrkja har hatt ei hovuddør mot vest i skipet og ei dør mot sør i koret. Kyrkjegardsmuren er også avdekka.
Arkeologiske funn utanom myntane
Tre delar av middelaldergravsteinar frå om lag 1200 er no på Valdres Folkemuseum. Desse er romanske hjulkross frå Gudbrandsdalen. Den ene biten har eit normannisk stjernemotiv. Det vart funne pyntebeslag og ein del av en messeklokke fra middelalderen. Det vart også funne ei bjørneklo, truleg ein amulett til vern mot dyret. På nordsida av kyrkja (kvinnesida) fann ein skjelett etter fem yngre kvinner, ca. 25 år gamle og ca. 1,5 meter høge, kanskje ein massegrav frå Svartedauden i 1350.
Kyrkjekiste
Ei stor jernbeslått kyrkjekiste frå Mo kyrkje står no i Slidredomen.
Ulnes kyrkje
![]() |
| Ulnes kyrkje. Foto: Naturfokus. |
Inventar frå middelalderen
Eit eldgamalt døypefontlokk står i koret. Ein kvinnefigur fra 12-1300-talet er i ein monter i gangen. Dette er eine halvdelen av eit motiv som viser Marias og Elisabeth sitt møte. Kyrkja hadde tidlegare eit altarforstykke frå om lag 1325 – 1350, med St. Margaretha. St. Peter, St. Paulus og St. Sunniva. Bilete av forstykket heng i gangen. Ei klokke i tårnet er frå middelalderen. Bjørnelabben i glassmonteren er kanskje en amulett til vern mot dyret.
Nyare inventar
Dåpsenglane (døypefontane) er frå 1793 og 1873. Den nyaste er laga av Ole Fladager frå Ulnes, Norges mest kjende bilethoggar på 1800-talet. Murmaleria på veggane i koret og over korbogen er frå 1790-åra. Her ser ein mellom anna Jesus med tre disiplar og Sakkeus i morbærtreet. Ulnes kyrkje er einaste kyrkja i Norge med ei framstilling av hendinga med Sakkeus. Preikestolen er fra om lag 1740.
Uvanleg altertavle
Altertavla frå 1850 har ei spesiell historie. Vi merker oss rundgangen øvst, der dei tre heilage kongane med snortrekk kan dreiast rundt Maria og barnet. Dette er den einaste altertavla i Norge med ein slik rundgang, laga etter mønster av tyske klokkespel med vandrande figurar. To brør frå Ulnes ville dra til Amerika i 1840-åra. Den eine var treskjerar, den andre målar. Skipet gjekk under i ein storm i Nordsjøen, og dei ba til Gud om at dersom de overlevde, ville dei dra heim og gje kyrkja si ei fin gåve. Livbåten vart skylla i land i Holland, og dei drog til Tyskland der dei gjekk i lære hos håndverkermeistrar i tre år medan dei studerte altertavler. Så drog dei heim og laga altertavla. Seinare drog dei til Amerika og kom vel fram.





/stavkyrkje/slidredomen.jpg)
/stavkyrkje/mo.jpg)
/stavkyrkje/ulnes.jpg)