Reinli Stavkyrkje

Reinli stavkyrkje. Foto: Naturfokus.


Interiørdetalj. Foto: Naturfokus.
Reinli stavkyrkje med 12 vigslingkors er datert til omlag 1326. Kyrkja er lik Hedalen stavkyrkje, utan frittståande søyler i kyrkjerommet. Her er søyler i hjørna, og fordi kyrkja er så lang, er det også søyler i langveggane. Kyrkja er ei einskipa langkyrkje med kor og halvrund koravslutning bak altaret (apsis) i same breidde som skipet, med innelukka svalgangar og ein liten takryttar. Opphavleg var kyrkja eit rektangulært rom med skip og kor i same breidde og høgde. Korskiljet gjekk mellom midtstavane i langveggane. Takryttaren har vore om lag midt på taket.  

To kyrkjer tidlegare på same staden

Frå den fyrste kyrkja kjenner ein berre graver, og den andre kyrkja må ha brent eller vore reve ned. Nokre stokkar i kyrkja vert datert til 1272 og 1310, dei må ha høyrt til ei eldre kyrkje. Dei eldste myntane som er funne under kyrkjegolvet er frå Håkon Håkonson si tid 1217 – 1263.  

Ombygging om lag 1326

Ei innskrift på veggen i svalgangen ved sørdøra til koret kan fortelje oss kven som sto bak denne nybygginga eller ombygginga: «Under her kviler Sira Thord, som lot gjera denne kyrkja betre. Pater Noster.» Innskrifta viser til ei grav under golvet like ved, markert med små firkanta jernplater, som til saman er eit kors. Kyrkja er truleg rive heilt ned og bygd opp att, kanskje i 1326. Nokre av portalane og veggplankenene. Då fekk kyrkja den forma ho har i dag. Stavkyrkja er  soknekyrkje, men vert berre brukt om sumaren. Ellers bruker ein det nye kapellet nedanfor bygdevegen.  

12 vigslingskors 

Desse korsa frå middelalderen er måla svarte og må vera frå om lag 1326. Reinli stavkyrkje er einaste kyrkja i Norge som har alle innvielseskorsa.

Altertavla 

Denne er eit middelaldersk altarskåp tilsvarande altarskåpet i Hedalen stavkyrkje. Men målinga er dels frå 1890-åra og dels frå 1920-åra. Også altarskåpet i Reinli hadde eit krusifiks, som no heng på veggen i koret, og ei «kroning» (kyrkjemodell), som no er i Oslo.

Smijernsbeslag, døypefont, klokke og luke

Smijernsbeslaga på vestdøra viser tydelege spor etter omgjøring på 1300-talet. Døypefonten av kleber og ei klokke i støpulen er alle frå middelalderen.Ei luke i veggen er for dei spedalske slik at dei kunne skrifte og ta i mot nattverden.