Lomen Stavkyrkje

Lomen stavkyrkje. Foto: Naturfokus.


Interiør i Lomen Stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
Lomen stavkyrkje er datert til om lag 1192. Denne kyrkja er svært lik og truleg bygd kort tid etter Høre stavkyrkje. Den eldste mynten som er funne vert datert til kong Sverre 1177-1202. Dette er ei søylestavkyrkje, med fire frittståande stavar eller søyler i kyrkjerommet, dei andre stavane ender på himlingsnivå. Søylene ber eit opphøgda midtparti. Stavane har kapitel midt på og ansiktsmasker øvst. Andreaskors og halvboger bind stavane saman.   

Ombygging i 1750

Då fekk kyrkja nytt kor mot aust og vart også utvida vestover. Samstundes vart veggane i skipet vart flytta ut på svalgangen sin plass for å utvide kyrkjerommet. Då vart den halvrunde koravslutninga (apsis) fjerna og taket løfta, nye vindauge vart sett inn, plankene vart lagt vassrett i ytterveggane og taket vart skifertekt. Stavkyrkja var for lita for eit aukande folketal.

Ut av fast bruk i 1914

Då vart den nye Lomen kyrkje ferdig. Nå er stavkyrkja berre i bruk til bryllaup og gudstenester om sumaren, mellom anna ved Olsok. På de middelalderlege delane av konstruksjonen er nyare måling fjerna og dei er trekvite. Etterreformatoriske delar er framleis måla. Kyrkja, støpulen (klokketårnet) og kyrkjegarden er freda. 

Portalar, låsbeslag, døypefont og kiste 

Kyrkja har fleire middelalderlege portalar med treskurd og dyreornamentikk. Eit låsbeslag på vestdøra er frå middelalderen. Fleire delar finst på museum i Oslo og viser at kyrkja har hatt ein endå flottare vestportal. Av klebersteinsdøypefonten frå middelalderen er berre foten take vare på. Ei middelalderkiste står ved veggen i koret. Her er ei magisk runeinnskrift som er nesten utviska.

Madonnahovudet på altaret 

Dette er ein gipskopi av den vakre originalen fra 1200-talet. Hovudet har truleg vore ein del av ein heil figur. Maria har bølga hår og krone med fire takkar. Originalen er på Valdres Folkemuseum.