Hegge Stavkyrkje

Hegge stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
Hegge Stavkyrkje er ein søylestavkyrkje, men skil seg frå Lomen og Høre ved å ha åtte frittståande søyler i kyrkjerommet, fire på kvar side. Kyrkja har ei form noko mellom dei mangesøyla stavkirkene i Sogn og dei firesøyla i øvre Valdres. Ansiktsmaskene på søylene kan ein kanskje knytte til heidenske gudar?

Uklår eldste historie

Kyrkja er truleg bygd om lag 1216. Men døpefonten er frå 1100-talet. Kanskje sto kyrkja fyrst på Alvstad eller ho er bygd av to andre kyrkjer, på Alvstad og Lidar?  Men Hegge kyrkje vert omtala skriftleg i 1327. Stavkyrkja har opphavleg hatt halvrund koravslutning (apsis) bak alteret, takryttar, svalganger, runde vindusgluggar, spontak og inngang frå vest og sør til skipet. Kyrkja er bygd om fleire gonger, særleg i 1844, og ser stort sett ut som Lomen og Høre stavkyrkjer. Eit nytt kor og våpenhus er bygd og veggane i skipet er flytta ut på svalgangen sin plass for å utvide kyrkjerommet.  

Ansiktsmasker

Øvst på stavane (no på kyrkjeloftet) er ansiktsmasker. Ei av desse har eitt auge og det ligg nær å tenkje på Odin. Er ansiktsmaskene heidenske gudar som til straff for sitt forferdelege liv for evig og alltid er dømde til å bera vekta av taket?  

Portalar, runer og inventar 

Hegge stavkyrkje har to utskårne portalar frå middelalderen. Ei runeinnskrift fortel at «Erling Arnason rista desse runer». Døypefonten er av kleber i romansk stil frå Gudbrandsdalen, truleg frå 1100-talet. Eit røykjelseskar frå 12-1300-talet, kanskje hanseatisk, heng på veggen i koret. Eit stykkje av ein middelaldersk gravstein av kleber (hjulkors) er no i Oslo.

Altertavla frå 1782 

Fire menn frå Hegge var i Gudbrandsdalen på fehandel og kom ut for uver i fjellet. Dei lova Gud høgt og heilagt at kom dei levande heim skulle dei kvar gje verdien av ei ku til Hegge kyrkje Dei heldt lovnaden, tinga og betalte altertavla i Gudbrandsdalen, og drog ho heim på skikjelke. På vegen mista dei Judas, men han vart attfunnen utpå sumaren, noko falma.

 Sommarprogram 2008. "Frå fritid til høgtid".
 Tabell omvising