Sol av Isfolket

Isfolket går til scenen!

Storsatsinga Sol av Isfolket fortel historia om ungjenta Sol og hennar dramatiske liv. La deg trollbinde av dei fremste skodespelarane, dei beste musikarane og dei flottaste kulissane eit friluftsteater kan ha. Velkomen til årets største kulturoppleving i Valdres. Velkomen til Valdres Folkemuseum og til Sol av Isfolket!

Sol av Isfolket er eit ambisiøst kulturløft i Valdres. Målet vårt er å bli eit av dei viktigaste friluftsteatra i sin sjanger. Store namn som Paul-Ottar Haga, Evy Kasseth Røsten, Heidi Ruud Ellingsen, Rune Temte  og Kyrre Hellum står på plakaten. I tillegg finn vi over 30 lokale aktørar i alle aldrar, i store og små roller.

Margit Sandemo har skapt historie med Sagaen om Isfolket. Som nordens bestselgande forfattar nokosinne blir Margit framleis dyrka som kult-ikon, meir enn 25 år etter at serien kom ut.

Regien er ved Leif Stinnerbom, ein av dei mest respekterte regissørane i svensk teater. Han blandar med meistarleg hand saman element frå alt frå indisk teater til norsk folkemusikk. Dette passar Valdres godt. Her finn du nemleg eit av landets mest vitale og blomstrande folkemusikkmiljø med mange profesjonelle utøvar innan musikk og dans. Fleire av desse utøvarane er sjølvsagt med i Sol av Isfolket, mellom anna Jan Beitohaugen Granli, Marit Karlberg, Anders Røine og Silje Onstad Hålien.

Ramma kring Sol av Isfolket er amfiet på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Når augustkvelden legg seg over Strandefjorden den 9. august, startar kampen mellom det ville og det tamme, det godtekne og det utstøytte, det  gode og det vonde.

Les meir om Sol av Isfolket på www.isfolket.no

Kjekt å veta:
Valdres Folkemuseum, Fagernes
August: 9.,10.,11.,15.,16.,17.
Telefon: 900 40 247 / 61 35 99 00
Vev: www.isfolket.no
Epost: post@isfolket.no

Vi sjåast på:
Sol av Isfolket
August: 9.,10.,11.,15.,16.,17.
Valdres Folkemuseum 2008

SISTE: Ekstraframsyning!