Norsk Rakfiskfestival

 
Stad: Fagernes
Tid: 30.10.–1.11 2008
Telefon: 61 35 94 61
Vev: www.rakfisk.no
E-post: info@rakfisk.no
Rakfisk frå Valdres har vorte ein landskjent kuriositet. Foto: Valdres Rakfisk BA.
Den fyrste helga i november kvart år blir Norsk Rakfiskfestival på Fagernes. Dette er det største arrangement i Valdres med ca. 25 000 besøkande.

Arrangementet startar fredag morgon og varar ut i dei små timar laurdag. Med rakfisk, norskprodusert mat frå småskala-produsentar, folkefest og underhaldning i sentrum er dette ei fantastisk oppleving. Ynskjer du å bli godt kjend med Valdres som stad og innbyggarane som bur her året rundt, er dette ei gyllen anledning.

For mange er dette det fyrste møtet med Valdres – og det blir sjeldan det siste!

Velkomen til Norsk Rakfiskfestival på Fagernes 30. oktober - 1. november!