Valdres Natur- og Kulturpark

Samarbeidsavtale mellom seks kommunar i Valdres

Les meir her om
·         10 års avtale 2007-2017 om Valdres Natur- og Kulturpark (VNK)
·         Vedtekter/samarbeidsavtale om VNK 2008-2011
·         Handlingsprogram for 2008
 Handlingsprogram 2009 - høyringsutkast (uttalefrist 15. nov. 2008)

KORT PRESENTASJON AV HOVEDTREKKA FRÅ AVTALA

Valdres går saman om Norges fyrste regionale Natur- og kulturpark for å styrke arbeidsplassar og busetjing, og for å legge til rette for ”det gode liv i Valdres”. Målet er å profilere Valdres langsiktig som ein offensiv region.

Vi skal bygge på eit næringsliv med mange lokalpatriotar og med ei tru på framtida.  Vi har Nord-Europas mest aktive stølsområde, verdifulle stavkyrkjer og Norges lengste tradisjon for regionalt reiselivssamarbeid.

Lokalsamfunna i Valdres har lange tradisjonar for, og god tru på at vi også i framtida kan forvalte våre verdiar knytt til natur og kultur til beste for komande generasjonar.


 

Moglegheitene for Valdres er knytt til

  • ”Valdres” er allereie ei sterk merkevare i nasjonal samanheng
  • Ein særeigen natur- og kulturarv
  • Attraktive kulturlandskap, særleg knytt til stølskultur og vassdragsnatur
  • Kulturminne og stavkyrkjer
  • Særprega mattradisjon, kjent for rakfisk, spekemat og reinskjøt
  • Kjent for festivalar bygd på mattradisjonar og folkemusikk
  • Foredlingsbedrifter for landbruksproduksjonen
  • Føregangsregion innan helse, velvære, rekreasjon og rehabilitering
  • 16 000 fritidshytter
  • Ein arbeids- og serviceregion
  • Lange tradisjonar for samarbeid både politisk og næringsmessig
  • Vi har ein felles Valdresidentitet

Utfordringa er knytt til

  • Nedgang i folketal
  • Eit landbruk i sterk omstilling/reduksjon
  • Eit reiseliv som slit med å oppretthalde tyngda i marknaden.

Utfordringane har vi elles med svært mange andre fjellregionar i Norge. Valdres har organisert seg i Valdres Natur- og Kulturpark slik at vi i eit fellesskap mellom politikk og næringa kan gjera dei nødvendige prioriteringar, og slik utnytte dei potensiale som ligg her.
 

Ei tiårig avtale

Avtalen mellom dei seks kommunane i Valdres er ein tiårig plan for lokalsamfunnsutvikling i Valdres. Her er eit klart mål om å kunne tilby dei ulike marknader produkt og opplevingar knytt til lokal natur- og kultur på slik måte at det blir opplevd som ein verdifull tilleggsverdi.

Valdres Natur- og Kulturpark skal legge til rette for ein langsiktig og målretta merkevarebygging bygd på regionen sine natur- og kulturverdiar.
 

Innsatsområde

Avtalen fokuserar fylgjande innsatsområde:

   1.    Merkevara Valdres
   2.    Næring
          2.1.    Næringslivet i Valdres generelt
          2.2.    Primærnæringane i Valdres
          2.3.    Foredling i Valdres
          2.4.    Reiselivet i Valdres
          2.5.    Valdres som helseregion
   3.    Arealbruk
   4.    Kulturminne
   5.    Kultur
   6.    Kompetanse
   7.    Formidling
   8.    Vertskapsrolla
 

Regional merkevarebygging

Regional merkevarebygging krev målretta innsats over lang tid. Vi vil vera avhengig av ei god oppsluting frå heile Valdressamfunnet. Og det vil ha stor verknad at Valdres blir gjeve auka lokal forvaltning av dei verkemiddel som kan bygge opp under merkevara Valdres.
 

Generell logo
 

Valdreskvalitet

 
Merkevarenamn og slagord

Etter ein omfattande prosess med mange involverte er det klart at merkevara er ”Valdres” og slagordet er ”Valdres skjerper sansane”.Vi har arbeida fram eit stort designprogram som vi ynskjer at flest mogleg i Valdres vel å ta i bruk.  Designprogrammet vil du finne her: www.valdresdesign.no

Den generelle logoen vil kunne nyttast av dei fleste i Valdres, etter ein kontakt til regionkontoret.  Ta berre kontakt med oss og avklare behovet før du tek denne i bruk.

Logoen Valdreskvalitet vil kunne nyttast av medlemer i godkjend merkeorganisasjon som er knytt til Valdres Natur- og Kulturpark.  Det er denne logoen som klart skal markere produkt og opplevingar med tilleggsverdi for forbrukaren, knytt til vår særeigne natur og kultur.
 

Valdres skjerper sansane

Speglar det rike mangfaldet av sterke sanseopplevingar Valdres kan by på.  Det er viktig å fokusere det som er unikt for Valdres, det mest særmerkte er kulturlandskapet i stølsområda, stølskulturen og elles stavkyrkjene våre. 
Ein viktig del av merkevarebygginga er å medvirke til at folket i Valdres set desse sentrale verdiar i høgsetet.
 

Merkeorganisasjonar

For reiseliv, landbruk og foredling er det etablert eigne merkeorganisasjonar som har utvikla sine merkekrav.  
 

Målet er at også andre næringar organiserar seg og utviklar eigne kvalitetskrav.  Å knyte seg til dei merkeordningar som blir bygd opp vil vera heilt opp til den enkelte næringsdrivande. 

Ta gjerne kontakt med oss, så drøftar vi gjerne medverknad herfrå til å få opp gode ordningar for den enkelte bransje.
 

Handlingsprogram

Valdresrådet har lagt opp prioriteringar og det er i gang arbeide med meir detaljerte planar.

Ein del føresetnadar er lagt for prioriteringar slik:
 

  • Auka lokal verdiskaping
  • Langsiktig merkevarebygging
  • Utvikle konkuransefortrinn
  • Bli betre enn konkurrentane på utvalde område
  • Samhandling næringsliv/ politikk, og mellom næringar
  • Kvalitet i alle ledd
  • Auka engasjement for eigen utvikling
  • Konsentrere innsatsen om det Valdres sjølv kan ha innverknad på

Valdres skal bli best i Norge på:
 

  • Regional merkevarebygging
  • Stigar og løyper
  • Valdresportalen på nettet
  • Stølssatsing
  • Ryddige og attraktive grender og tettstader
  • Fysisk aktivitet i folkehelsearbeidet og best på rehabilitering