- Valdres natur- og kulturpark
- Flytte til Valdres
- Oppvekst og utdanning
- Bolig og arbeid
- Er du en ressursperson?
- Ledige gardsbruk
- Næringsliv
- Handel
- Hytte i Valdres
- Kommuner
- Utdanning - kompetanse
- Ledige stillingar
- Natteravnene
Ledige gardsbruk i Valdres
|
Areala og bygningane på dei mange landbrukseigedomane i Valdres representerer ein viktig ressurs for auka busetnad og næringsutvikling i regionen. Det er idag mange eigedomar der det ikkje er aktiv landbruksdrift, men som har både arealressursar og stor bygningsmasse. Her ligg eit viktig potensial for auka busetnad og for å etablere nye arbeidsplassar.
400 tomme bruk i Valdres
Prosjektet ”Ledige gardsbruk i Valdres” har registrert 400 tomme bruk i regionen, dvs bruk der eigaren ikkje bur på bruket. Det er vidare etablert kontakt med eigarane av bruka.Målet med prosjektet er å få lys i glasa på flest mogleg gardsbruk i Valdres og få til gode prosessar med eigarar, eigedomsmeklarar og interesserte kjøparar eller leigetakarar. Regionrådet for Valdres samarbeider med kommunane i gjennomføringa av prosjektet.
Stor etterspurnad etter gardsbruk i Valdres
Samtlege av kommunane i Valdres registrerer stor interesse for kjøp av småbruk. Sjølv om mellom 20 – 30% av bruka i regionen er ubebudde, er det stort underskot på tilbod av ledige bruk i høve til etterspurnaden.Dei fleste som vil kjøpe bruk ønskjer småbruket som buplass for seg og familien og vil drive garden som hobbybruk. Enkelte er sjølvsstendig næringsdrivande som ønskjer å etablere verksemda si på ein gard eller utvikle ny næring på garden, t.d. gardsturisme.
Informasjon om ledige gardsbruk i Valdres
Har du spørsmål vedrørande ledige gardsbruk i Valdres, vend deg til kontaktperson i Regionrådet for Valdres: Guri Grønolen, tel 61 35 94 55, e-post: guri.gronolen@fmop.no.Følg også med på www.gardsbruk.no for å halde deg oppdatert om ledige gardsbruk i Valdres.





/beito_bitihorn_naturfokus.jpg)