Vinjerock freistar uansett ver

publiseringsdato: 03.08.2008


Trass ein regntung laurdag kjøpte over 400 dagspass og drog inn til Vinjerock for å slutte seg til dei nær 2500 som var der frå før. - Dette var langt over forventningane når me såg korleis veret vart, seier ein sliten, men fornøgd festivalsjef, Eirik Høyme Rogn.

Reiseradioen direkte frå Vinjerock

publisert 01.08.2008

Litt over klokka ni fredag gjekk radiosignal direkte frå Eidsbugarden og rett inn til alle stover og radioar landet rundt. Reiseradioen sende direkte frå Vinjerock!

Knallstart for Vinjerock

publisert 01.08.2008

Jotunheimens glade rockarar fekk ein knallstart på årets arrangement. I motsetning til dalstroka nedanfor kom det ikkje ein regndrope på Eidsbugarden, temperaturen var behageleg og folk strøymde til i rekordantal.

Frisk forteljarkunst på Museet

publisert 30.07.2008

”Fru Sæther forteller ”står det på visittkortet til Lise Jorunn Sæther. Ho held til i Haftonbygningen på Valdres Folkemuseum denne veka, og er munnleg forteljar og formidlar av småstubbar og eventyr.

Vinjerocksamarbeid med Fairtrade

publisert 30.07.2008

Årets Vinjerock er berre nokre timar unna og inne på Eidsbugarden er det hektisk aktivitet for å gjera alt klart. Ein arbeidsgjeng var i full sving med straumforsyning og rigging av telt og scene når me var innom tysdag. Nytt av året var at Fairtrade sytte for delar av kosten til mannskapet.

To videoar er lagt ut

publisert 29.07.2008

UNDERLEGE DAGAR og VINJEROCKINTERVJU. Vår filmmann, Per Johan Næsje, har laga to filmsnuttar som no er lagt ut under dei aktuelle nyheitssakene.

Vinjerock både i TV og radio

publisert 25.07.2008

Er du av dei som ikkje har skaffa deg digitale tv-signal enno, bør turen snarast gå til ein forhandlar av dekodar. Både fordi dei analoge sendingane snart stenger, men mest fordi Vinjerock og Valdres får femti minutt på NRK 3 seint laurdag kveld. I neste veke blir det dessutan innslag i Kveldsåpent og i Reiseradioen.

Halling for framtida

publisert 25.07.2008

Å beskrive Kruk-førestillinga til dansekompaniet Frikar er uråd, ho må opplevast. Og det fekk ein fullstappa sal i Kulturhuset på Fagernes torsdag kveld. Eit femtital slapp ikkje inn og måtte skuffa snu.

Pilegrimar på vandring

publisert 24.07.2008

Dei hadde tenkt seg ein tur på eiga hand langs pilegrimsleia gjennom Valdres, men tilfellet ville at dei treftest ved Laglim i Vang. Her trefte også me dei, ein tidleg solmorgon denne veka.

Underleg og vakkert ved Jaslangen

publisert 23.07.2008

"Underlege dagar" var tittelen på Hilme-konserten ved Jaslangen dette året, eit bestillingsverk over tekstane til Knut Hauge. Årdølen Karl Seglem hadde fått utfordringa, eit godt val skulle det vise seg.